Om oss

Hillestad har opplevingstilbod til heile familien, frå den kunstinteresserte til den som vil oppleve vakker natur, leike i leikeparken, bade i Tovdalselva eller gå fjelltur i bratte og høge fjell. På grillplassen kan ein grille sjølvfiska fisk eller medbrakt fisk eller kjøtt. Her er det fritt for alle og ingen inngangspengar. I galleriet kan alle gå gratis og sjå framifrå kunst. Kaffe og kringle er å få kjøpt. Den kjøpesterke kan ta kunst, smykke og andre varar heim. Her er noko for alle.