Om hillestadheia

Ditt næraste fjellområde
Hillestadheia ligg i Tovdal nær Hillestad Galleri. Det er det næraste høgfjellsområdet til kystbyane. Det er så nær at du vil bruke hytta titt og ofte sjølv om du har eit arbeidskrevjande yrke og mange plikter heime og ute.

Tenk å kunne spenne på seg skia rett utafor hyttedøra etter ein godtimes biltur og ta ein forfriskande skitur i ekte høgfjell. Eller freiste auren i vatna i hyttefeltet ein vårleg fredagskveld. Det er ein god slutt på arbeidsveka og ein fin helgestart.

Hyttetomtene ligg spreid i terrenget. Kvar tomt er på 1-2 mål, ligg usjenert, solrikt og med utsyn. Det er bygd fellesareal med bossbu, gjesteparkering. Privat heilårsveg til felles P-plass, småvegane til hyttefelta har bom som kan låsast. Sjølv om det er straum til kvar hytte, vert det ikkje vegbelysning.

Miljø, komfort og villmark
Kombinasjonen komfort og naturer kjenneteikn på Hillestadheia. Her er det lagt vekt på høg standard
i eit naturområde med høg vernefaktor. Derfor er inngrepa i naturen små. Eige vassverk og naturbasert reinseanlegg som resirkulerer avfallstoffa, hindrar forureining av vassdraga.

Last ned prospekt >