Årstidene

Vinter og vår
Hillestadheia ligg på omlag 600 meter over havet i eit av dei snøsikraste områdane nær kysten. Hyttefeltet er planlagt slik at kvar tomt har utsyn og godt med areal mot nabotomtene. Det vert heilårs bilveg fram til kvar tomt, og om vinteren vert det køyrd opp ca. 25 km merka skiløyper lagt til rette for både turgåarar og mosjonistar.

På Hillestadheia får du føling med skikkeleg
villmark. I liene kan du skremme opp tiur og røy, og i fjellbjørkeskogen og på snaufjellet kan du sjå rype og orrfugl. Når vårsola smeltar snø og is, dukkar sildrande bekkar fram, og i små og store vatn sprett auren.

Sommar og haust
At vinteren er flott på Hillestadheia er sikkert og visst. Men sommaren og hausten byr óg på flotte naturopplevingar. Hyttefeltet ligg i terreng med tiur og elg, og i alle vatna, i og i nær hyttefeltet, er det aure. Har du fiskekort og fiskelukke, kan du få aure på opp mot kiloen. Hillestadgalleriet er ein institusjon for kunst- og kulturinteresserte. Heilt sidan starten har galleriet vore eit populært turmål for folk frå Agder og Telemark både store og små. På tunet er det leikepark for barn og inne er det kafé og utsal.

Last ned prospekt >