Omgivnadar

Hillestad ligg i naturskjønne omgivnader, langsmed den freda Tovdalselva og med fjell på begge sider som strekker seg opp mot 860 m.o.h. Frå hyttene er det ein liten spasertur opp til galleriet. Frå galleriet kan ein ta turen opp til Lindeknuten som er høgaste fjelltoppen i området. Du kan ta turen til beverparken, forbi fleire beverhus og vidare vegen opp på Hillestadheia. Her er det turstiar og 25 km med preparerte skiløyper i ulik vansklighetsgrad

Topp20 turar i Åmli. Det er 20 merka løyper i kommunen, 6 av desse ligg i Tovdal, info og kart kan du laste ned på www.amli.no ellers er det brosjyrekasse ved start av kvar løype og på Hillestad Galleri.

Rjukanfossen er eit populært utfartsområdet. Du må køyre 11 km til fylkesvegen sluttar og deretter gå ein time langs Tovdalselva til du kjem til Årdalen naturreservat der fossen ligg.

Tovdal kyrkje ligg like ved galleriet. Den blei bygd i 1820 og mange kjenner til dei heftige diskusjonane som var på 1960 - talet om fargen. Nå er kyrkja kvit og det er gudstenester ca. 4 gonger i året.

I Åmli sentrum kan du gå på Elvarheim museum, som har ei flott permanent utstilling av bever og fangstkulturen i kommunen.

Ein tur på Trogefjell vis a vis museet er også vel verdt eit besøk for den som vil gå litt. Kjempeflott utsikt.  Åmli har også ei sentrumsløype som passar dei fleste med fine infotavler og koselege stopp, kafe og bakeri langs løypa.