Hyttene

Tett attmed det vakre Tveitvatnet ligg seks nye, luksuriøse og romslege feriehus på 180 kvm. Alle med 5 soverom, 10 sengeplassar, kjøkken, stue m/peis, loftstue, bassengrom med eit basseng på 15 kvm, motstrømsanlegg og eit barnebasseng. I alle husa er det også sauna, 2 bad og boblebad.

Feriehusa har eigne båtar til fri bruk for leigarane. Fisken vakar nokre meter frå feriehuset og er du heldig, kan du få aurar opp til 1 kg på kroken. Her vil også barna trives. I tillegg til bassengrommet som heilt sikkert blir favoritten, kan dei bade ute på ei eiga barnevennleg sandstrand.